Logo for Eine Advokatfirma
VISUELL IDENTITET

Eine Advokatfirma

Dørskilt i tre

Eine Advokatfirma består av advokatane Rune Tysse, Jan Nikolai Hvidsten, Tor André Amble og Lene Knapstad. Tidlegare heitte advokatkontoret Tysse, Hvidsten & Amble AS, og då dei skifta namn til Eine Advokatfirma, trengte dei ny logo og visuell identitet.

Univerket har vore sparringspart og rådgjevar i namneprosessen, utforma logo og komplett visuell identitet, visittkort og marknadsmateriell, samt vore rådgjevar i arbeidet med ny nettside.

Visittkort

Visittkort med matt folie og koparfolie

Vi har designa Eine sine visittkort med matt, foliert overflate, noko som gir ein fin taktilitet. I tillegg er logoen trykt i koparfolie.

Som del av deira visuelle identitet har vi designa ein gjennomtenkt fargepalett som ivaretar soliditet, tyngde, autoritet – men óg eit streif av «frisk» og «moderne».