Førdefestivalen – Bornas Verdsdag
MARKNADSFØRING

Bornas Verdsdag

Førdefestivalen arrangerer kvart år ein gratis, internasjonal familiedag i Førdehuset – Bornas Verdsdag. Dagen byr på ulike aktivitetar som verkstadar, forestillingar, konsertar og utstillingar for born i alle aldrar, i tillegg til sal av mat frå ulike delar av verda.

Univerket fekk i oppdrag å fornye det grafiske uttrykket til Førdefestivalen sitt Bornas Verdsdag 2020-arrangement, og implementere uttrykket på alt av trykt og digitalt materiell til bruk i marknadsføringa.

Vi har utforma illustrasjonar og design til plakatar, brosjyre, banner, rollups, vimplar og t-skjorter.

Arrangementet vart avlyst grunna Covid-19.

Førdefestivalen – Bornas Verdsdag

Univerket har teikna eit sett med illustrasjonar som gjenspeglar verkstadane Førdefestivalen arrangerer under Bornas Verdsdag.

Grøne og gule t-skjorter med logo og illustrasjonselement i kvitt.