Profilmateriell
VISUELL IDENTITET

Selvhjelp Norge

Logo

Selvhjelp Norge ønska nye nettsider og trengte ein redesign av den visuelle identiteten. Symbolikken i den gamle logoen var ringar i vatn, noko som representerte arbeidet deira godt. Dette var ein symbolikk dei ønska å vidareføre, og dei ønska at identiteten skulle gi assosiasjonar til håp, eit bedre liv, glede, ærlegheit, mestring, moglegheiter og trua på mennesket. Dette har vi lagt vekt på i valg av fargepalett, linjer, typografi, mønster og fotostil.

Vi har utforma logo og komplett visuell identitet, og har samarbeida med Mediebruket i arbeidet med utvikling av ny nettside.

webdesign

Vi har utforma eit ikonsett til bruk på nettsida, i samme formspråk som logoen og i tråd med fargepaletten.

Ikonsett
Merkantilt materiell

Invitasjonsmal, brevmal, konvoluttdesign, visittkort, id-kort med meir. Fargepaletten er dus og vennleg. Skrifttypen er rundt, open, uformell og imøtekommande.