VISUELL IDENTITET

Vestavin – Smaken av vestlandet

Vestavin er ei gründerbedrift etablert av Camilla Aasen i 2019, som spesialiserer seg på produksjon av fruktvin av råvarer frå vest – rognebær, rips, krekling, nyper, rabarbra, bjørk, blåbær, aronia, hylleblome.

Univerket fekk i oppdrag å utvikle den visuelle identiteten. V-en i logoen speglar den Vestlandske naturen, som er opphavet til alle råvarene Vestavin brukar i sine produksjonar.

Visuell identitet – Vestavin
Visuell identitet – Vestavin

I høve lansering av sin nye logo arrangerte Vestavin vinsmaking i Univerket sine lokaler. Kari Støfringsdal stilte med deilig, steinomnsbakt surdeigsbrød som vart brukt for å rense ganen mellom dei ulike smakane av krekling, molter, plommer og eple.